Naturmøteplassen

Vel møtt til kaffi og ein prat!

Dato
15. oktober 2024
Tid
12:00 - 13:30
Stad
Grindløa ved leirduebana på Øygarden i Valldal

Om naturmøteplassen

Naturmøteplassen er fast annankvar tysdag kl 12-1330. 
Unntak: sommarferien og januar - februar.
Atterhald om godt ver i november-desember.

Plakat for naturmøteplassen hausten 2024 (PNG, 699 kB)

Stikk innom!

Naturmøteplassen er ein uformell lågterskel møtestad der alle er hjarteleg velkomen innom til kaffi og ein prat. Det er Sunnmøre friluftsråd som står bak naturmøteplassen, i samarbeid med frivilligsentralen og frivillige vertar. Friluftsrådet har slike naturmøteplassar fleire stadar på Sunnmøre.

Stikk UT!-turen på Olavsvegen i Syltemoa skildrar turen til grindløa.

Korleis finne fram

Alternativ 1: Parkering bak Martin Linge-huset. Gå gjennom grind ovanfor skuleområdet og hald fram på sti på skrå og rett oppover til du kjem til Olavsstøtta på Korsbrekka (høgste punktet, bratt oppover). Hald fram på turvegen vidare framover ca 1 km. Flatt, litt nedoverbakke på slutten.

Alternativ 2: Parkering i sentrum. Skilta sti frå Skulebrauta. Startpunktet ligg knapt 200 meter rett ovanfor Sylte kyrkje (retning Syltemoa). Følg sti bratt oppover til du kjem til Olavsstøtta på Korsbrekka (høgste punktet, bratt oppover). Hald fram på turvegen vidare framover ca 1 km. Flatt, litt nedoverbakke på slutten.

Alternativ 3: Parkering like ved grindløa: Følg fv. 63 frå Valldal sentrum, retning Trollstigen. Etter ca 2,5 km; ta til høgre rett etter ein høgresving og følg ein grusveg opp ein liten bakke. Det er 300 m til grindløa. Vegen er ikkje skilta eller merka. Det er plass til å parkere nokre bilar på merka p-plass. Det er ikkje høve til parkering heilt oppe ved skytebana

Arrangør

Frivilligsentralen i Fjord i samarbeid med Sunnmøre friluftsråd og frivillige vertar

Andre tidspunkt

  1. Tysdag, 03.09.2024 12.00 - 03.09.2024 13.30
  2. Tysdag, 17.09.2024 12.00 - 17.09.2024 13.30
  3. Tysdag, 01.10.2024 12.00 - 01.10.2024 13.30
  4. Tysdag, 15.10.2024 12.00 - 15.10.2024 13.30
  5. Tysdag, 29.10.2024 12.00 - 29.10.2024 13.30
  6. Tysdag, 12.11.2024 12.00 - 12.11.2024 13.30
  7. Tysdag, 26.11.2024 12.00 - 26.11.2024 13.30
  8. Tysdag, 10.12.2024 12.00 - 10.12.2024 13.30