Status

Planprogram Levekårsplan, Strategi kultur og Strategi helse, omsorg og velferd ut på høyring

Informasjon om høyringa

Første planforum i formannskapet 04.12.24
Bilde av forsamling rundt eit bord - Klikk for stort bilete

Fjord kommune hadde sitt første planforum i formannskapet. Dette skal vere eit forum med plangjennomgang i forkant av ordinært formannskapsmøtet. Det skal ikkje gjerast vedtak, men diskutere status, framdrift og problemstillingar i aktuelle eller pågåande planarbeid. Målsettinga er å sikre betre innsikt i planprosessar, og styrke plankulturen. 

På agendaen stod orientering om arbeidet med felles sjøarealplan Fjord, Stranda og Sykkylven og framdrift planprosessar.

Vedtak arealstrategi i møte 28.11.24

Kommunestyret vedtok arealstrategien i k.sak 108/24.

Vedtak samfunnsdel - enkel revidering 28.11.24

Kommunestyret vedtok samfunnsdelen med tilføying av eit nytt delmål i k.sak 107/24:
"Fjord kommune utviklar ein sunn arbeidsmarknad"

Arbeidsverkstad i kommunestyret 26.09.24

Torsdag 26. september var det arbeidsverkstad for  kommunestyret, dei ulike råda og tillitsvalte der tema var samfunnsdelen, arealstrategi og heilskapleg plan for helse, omsorg og velferd.

Les meir i artikkelen.

Vedtak planstrategi 26.09.24

Kommunestyret vedtok planstrategien med nokre merknader Planstrategi 2024 - 2027 (fjord.kommune.no)

Eldre ut på middag

Kommunen inviterte alle over 65 år ut på middag i Eidsdal, Stordal og Valldal i midten av september. Målsettinga var å treffast for mat og prat i hyggeleg lag. Samstundes var ordførar og kommuneleiinga til stades for å informere om planarbeid og prosessar som er på gang.

Les meir i artikkel

Arbeidsverkstad i kommunestyret 21.03.24

Torsdag 21. mars var det arbeidsverkstad for  kommunestyret, dei ulike råda og tillitsvalte der heilskapleg styring gjennom kommunalt plansystem var tema. 

Les meir i artikkelen