Flytte eller bli buande?

Bustaden din skal passe livssituasjonen du befinn deg i no, og den du kjem til. For mange er det vanskeleg å bestemme seg for om ein skal flytte eller bli boende. 

Her har vi prøvt å samle nokre tips som kan vere til hjelp i prosessen mot ei avgjerd. 

Verdt å tenke gjennom

Eit godt råd i prosessen mot ei avgjerd kan vere å sette opp ei liste over fordelar og ulemper med enten å flytte eller bli buande. Punkta under kan hjelpe deg i prosessen.

  • Tenk langsiktig. Ein bustad skal kunne fungere i ulike livsfasar. Tenk difor gjennom om bustaden vil fungere om livssituasjonen din skulle endre seg. Det kan også vere lurt å tenke over kva alternativ du har for å løyse vedlikeholdsoppgåver av hus og hage. 
    Sjekk ut hva du bør tenke over for å få en bolig som varer livet ut. 
  • Nabolaget? Tenk over kva som er viktigast for deg å ha i nabolaget. Er det nærleik til aktivitet, venar og familie, skog og mark eller byliv. Husk at det er kvardagar det er flest av.
  • Transport. Tenk over kva alternativ du har for å kome deg til butikk, aktivitetar eller for å besøke vener og familie om du ikkje lenger kan køyre bil sjølv. 

Vel du å bli buande?

Les meir om korleis du kan pusse opp eller bygge om. 

Fem tips om du bestemmer deg for å byte bustad

 1. Verdivurdering

For å få eit inntrykk av kva bustaden din er verdt kan det vere lurt å starte med å bestille ei verdivurdering frå ein eigedomsmeklar. Dette kan vere lurt slik at du veit omtrent kor mykje du kan bruke på å kjøpe ny bustad.
Dei fleste eigedomsmeklarar tilbyr ei slik verdivurdering gratis.

2. Bank/finansiering

Etter at du har fått ei verdivurdering av din noverande bustad kan det vere lurt å avtale ei  rådgjevingssamtale med banken din. Saman kan de vurdere behov for ekstra finansiering/lån.

3. Finn drømmebustaden

Som regel klarer ein ikkje å oppfylle alle ønskjer i ein ny bustad. Tenk difor gjennom kva som er det viktigaste for deg, og sett gjerne opp ei MÅ ha og KJEKT å ha liste over ønskjer i ny bustad.

Gå på visningar. Sjølv om du ikkje tenker å kjøpe nettopp den bustaden kan det vere til hjelp for å se kva mulegheiter som finst i marknaden, og gjere det lettare for deg å finne ut av kva du ser etter i ein ny bustad.

Legg gjerne inn ei ønskeliste hos ein eigedomsmeklar på kva type bustad du er på jakt etter. Dei tek så kontakt med deg når dei har noko som er aktuelt til sals.

4. Selge

​​​​​Ta kontakt med din meklar når du er klar for å selge bustad. Dei bistår deg i prosessen vidare.

5. Flytte

Eit nytt kapittel startar. Treng du flyttehjelp ta kontakt med eit firma, eller spør eigedomsmeklaren din om råd. Dei har ofte kontakt med ulike samarbeidspartnarar.