Pusse opp eller bygge om?
Bustaden din skal vere god å leve i heile livet, men behova dine endrar seg med alderen. Så kva grep bør du vurdere no som gjer livet lettare om nokre år?
Finn løysingar som aukar den generelle bruksverdien av bustaden. Ein bustad som varer lenge bør ha:
- trinnfri tilkomst
- alle hovudfunksjonar på inngangsplanet
- god plass på badet
Legg ein plan
Det er smart å legge ein plan for bustaden din medan du enno har overskot til å gjere noko med den.
Ta gjerne utgangspunkt i råda frå Direktoratet for byggkvalitet:
Rom for rom - kva bør du tenke på?
Her har vi samla nokre gode råd for kvart enkelt rom i huset.
Bad og dusj
Badet er eit kritisk rom for om du kan bo heime så lenge som muleg. Ofte har badet høg terskel, smal døropning og liten plass. Badekar, dusjkabinett og lavt toalett kan også by på utfordringar etter kvart.
Anbefalingar
- Dusj direkte på golv med dusjveggar eller forheng er å foretrekke. Dusjkabinett vert ikkje anbefalt då desse ofte blir trange og terskelen blir ei utfordring.
- Benytt sklisikring på golvet i dusjen, som matte eller anna.
- Toalett med god setehøgde og gjerne armlene på kvar side.
- Stikkontakt i nærleik av servant som er plassert i høgda 80-100 cm over golv er anbefalt.
- Vaskemaskin: Vurder om det er plass til denne på baderommet for ein enkel kvardag.
- Vurder om det på sikt er muleg å installere støttehandtak.
Kjøkken
Det er viktig å kunne lage sin eigen mat, så eit tilrettelagt kjøkken er fint å ha. Tenk også på at kvar fjerde bustad brann startar på kjøkkenet, så ein ekstra gjennomgang av dette rommet kan vere ei god investering.
Anbefalingar
- Skuffer er å anbefale framfor skap.
- Vurdér om du kan sette inn ein benk som kan trekkast ut for mulegheit til å sete med stol når du skal arbeide.
- Oppvaskmaskin som hever nederste korg for fylling og tøming.
- Ha tilstrekkeleg benkeplass ved sida av komfyr og oppvaskkum slik at du enkelt kan sette frå deg kasserollar og matvarer.
- Plasser gjerne steikeovn opp i benkehøgde.
- Tenk branntryggleik! Komfyrvakt er påbode på alle nye kjøkken, og anbefalast også til eldre kjøkken. Dette bør du vete om komfyrvakt.
- Husk også å ta ut stikkontakta etter bruk av kjøkkenmaskiner, og at du har brannslokkingsapparat lett tilgjengeleg som du veit korleis du brukar.
Dører, tersklar og gang
Ein heim utan dørtersklar og med breie dører er å foretrekke uansett livssituasjon. Og ein romslig entré med plass til å sette seg gjer livet enklare både når barnebarn kjem på besøk eller du sjølv treng å sette ned for å ta på skoa.
Anbefalingar
- Utvide døråpningar til 90 cm og fjerne tersklar.
- Utvide entreen når ein bygg om til trinnfritt inngangsparti. Eventuelt kan du kanskje slå saman bod og entré viss desse ligg inntil kvarandre?
- Sklisikkert og slitesterkt golvbelegg.
- Varme i golvet er å foretrekke.
- Plass til ein benk eller stol.
Stove og uteplass
I stova bør du ikkje ha det for trangt. Kanskje du skal rydde ut nokre av møblane? I tillegg har vi nokre generelle råd du kan tenke over:
Anbefalingar
- Møblering som fungerer og gjer det greit å ta seg fram. Du bør ha fri passasje til skap, vindu og dør.
- Unngå for mange lause tepper.
- God belysning er lurt å tenke over når synet gradvis blir dårlegare.
- Tilstrekkeleg antal stikkontakter, plassert cirka 1 meter over golv for enkel betening.
- Trinnfri adkomst til uteplass.
Inngangsparti
Dei fleste bustadar har trapp eller trinn til inngangsdøra, og har ofte liten plass framfor døra. For å kunne bli buande så lenge som muleg i bustaden din har vi nokre råd på vegen:
Anbefalingar
- Trinnfri tilkomst
- Plant areal framfor inngangsdøra.
- God plass ved sida av døra slik at det er enkelt å opne den.
- Skal du byte dør, skift til ei som er lett å bruke. Det finst også automatiske døråpnarar!
- Dørlås med kode i staden for ordinær dørlås med vridar er enkelt på mange måtar.
Tilkomstveg og garasje/carport
Når det gjeld uteareal og tilkomstveg, er det trinnfri tilkomst som vil vere den største bøygen for mange bustadeigarar. I tillegg kan vanlege hindringar vere bratt gangveg, nivåforskjellar, laus grus og dårleg belysning.
Ellers kan det kan vere lang veg mellom garasjen eller carporten og bustaden, og om vinteren kan det vere vanskeleg å ta seg fram.
Anbefalingar for uteareal og tilkomstveg
- Vurdere alternativ tilkomst.
- Bearbeide terrenget for å utjamne nivåforskjellar.
- Fast, jamnt og sklisikkert dekke.
- God belysning.
- Vurdere å legge varmekabel for snø- og isfri tiokomst.
Anbefalinger for garasje og carport
- Viss det er langt å gå, om muleg bygge ny garasje eller carport nærare inngangsdøra.
- Overbygt tilkomst mellom garasje/carport og huset.
- Automatisk garasjeportaopnar.
Behov for råd og rettleiing?
Ta kontakt med oss for m.a.:
- Råd og rettleiing på kva som bør utbetrast i bustaden
- Forslag til løysingar somkan gjere bustaden funksjonell
- Informasjon om aktuelle økonomiske støtteordningar
- Rettleie i søknadsprosessar
Publisert 16.01.2025 11.09