Supersommar 2024!


 

Supersommar er eit tilbod om sommaraktivitetar for barn og unge i 1. - 10. klasse. Supersommar 2024 gjeld for veke 26, 27 og 33. Aktivitetane er lagt til bygdene i Fjord kommune og er eit samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og lokalt næringsliv. Supersommar er gratis for deltakarane.

Tilbodet gjeld for barn og unge som bur i Fjord kommune.

Praktisk informasjon

  • Aktivitetane vil i utgangspunktet vare frå kl 09:30-14:45. 
  • Det vert sett opp skyss. 
  • Alle deltakarar må ta med eiga niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen (med få unntak). 
  • Meir informasjon om kvar aktivitet på lenkene nedanfor.

Påmelding

Påmelding via elektronisk skjema på heimesida til Fjord kommune. Påmeldinga blir opna onsdag 12. juni ca. kl. 19:00. Påmeldinga vil vere open fram til 19. juni kl. 23:59.

  • Du melder barnet på til aktivitet på det klassetrinnet eleven går på våren 2024.
  • Merk at nokre aktivitetetar krev signering av eigenerklæring frå føresette.
  • Nokre av aktivitetane vil ha begrensa antal plassar. Det blir sett opp venteliste om aktiviteten blir fullteikna.
  • Ved få påmeldte til enkelte aktivitetar kan det bli utvida påmeldingsfrist. Ved for få påmeldte kan aktiviteten bli avlyst.


Automatisk e-post

Når påmeldinga di er registrert vil du få ein automatisk e-post med informasjon om dette. Det kan ta litt tid før e-posten kjem, men om du ikkje får ein slik e-post eller har problem med påmeldingsskjemaet så ta kontakt med oss på e-post/tlf.

Bindande påmelding

Det er bindande påmelding – om barnet likevel vert hindra i å delta, er det viktig at de melder frå, slik at andre kan få tilbod om plass dersom det er venteliste. NB! Om barnet ikkje møter til aktiviteten og det ikkje er gitt beskjed om dette på førehand, vil føresette i etterkant bli fakturert med kr. 300.

Barn som skal starte i 1. klasse

Barn som skal starte i 1. klasse hausten 2024 kan ikkje delta på Supersommar, med mindre dei har SFO-plass frå august og SFO skal delta på den aktuelle aktiviteten. (Då vil SFO sørge for påmelding).

Transport

Det blir gratis skyss mellom Stordal skule - Liabygda - Linge ferjekai – Valldal sentrum og til den staden aktiviteten skal vere. Sjå Supersommar bussrute på baksida av informasjonsskrivet. Ta direkte kontakt om det er behov for anna skyss enn det som er oppsett.

Program og bussruter for Supersommar 2024 finn de på denne lenka (PDF, 421 kB)
 

Aktivitetane

Klikk på lenka for aktiviteten for informasjon og påmelding.

Veke 26

Måndag 24. juni

Bading i Tafjord friluftsbad for 1.-4. klasse - måndag 24. juni
Oppdrag Tafjord for 5. - 10. klasse - måndag 24. juni 

Tysdag 25. juni

Aktivitetsdag i Toregarden i Eidsdal for 1.-4. klasse - tysdag 25. juni 
Rafting i Valldøla for 5.-10. klasse - tysdag 25. juni

Onsdag 26. juni

Fridag, ikkje Supersommaraktivitet denne dagen.

Torsdag 27. juni

Aktivitetsdag i Toregarden i Eidsdal for 1.-4. klasse - torsdag 27. juni
Feriedag på tunet for 1. - 10. klasse - torsdag 27. juni 

Fredag 28. juni

Feriedag på tunet for 1. - 10. klasse - fredag 28. juni 
 

Veke 27 

Måndag 1. juli

Valldal aktivitetspark for 1. - 10. klasse - måndag 1. juli 

Tysdag 2. juli

Fridag, ikkje Supersommaraktivitet denne dagen.

Onsdag 3. juli

Fotballskule for 1.-10. klasse - onsdag 3. juli - torsdag 4. juli

Torsdag 4. juli

Fotballskule for 1.-10. klasse - onsdag 3. juli - torsdag 4. juli

Fredag 5. juli

Fridag, ikkje Supersommaraktivitet denne dagen.
 

Veke 33

Måndag 12. august

Kunstverkstad trykk & grafikk for 1.-4. klasse - måndag 12. august
Kulå Bowling og Troll Dungeon for 5.-10. klasse - måndag 12. august 

Tysdag 13. august

Kunstverkstad trykk & grafikk for 1.-4. klasse - tysdag 13. august
Kokkekurs for 5. - 10. klasse - tysdag 13. august

Onsdag 14. august

Fridag, ikkje Supersommaraktivitet denne dagen.

Torsdag 15. august

Songseminar med Maria for 1. - 10. klasse - torsdag 15. august 

Fredag 16. august

Fridag, ikkje Supersommaraktivitet denne dagen.

 

Supersommar er drifta av Fjord kommune med støtte frå Bufdir.
 

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64