2024 Aktivitetsdag i Toregarden i Eidsdal for 1.-4. klasse - torsdag 27. juni

Tid: Torsdag 27. juni kl 10:00-14:30 – 1 dag

Stad: Toregarden, Eidsdal

Målgruppe: 1.-4. klasse 

Aktivitetar på garden og i naturen, nærkontakt med dyr og fine opplevingar i området rundt garden. Vi startar med å stelle dyra på garden. Vi har sau, hest, hund og høns. Dei som vil, kan få ri på hesten, eller gå på låven og hoppe i høyet om det skulle friste. Etter fjøsstellet går vi ein tur i skogen der vi et lunsj, og vi kan sage og spikke. Kanskje klarer vi å lage noko av naturmateriale?  

 Velkomen til ein trivelig dag med oss i Toregarden!

Denne aktiviteten kan ha maks 12 deltakarar.  

 

Ta med:  
Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen. 
Utekle, gode sko/støvlar.    

NB! Denne aktiviteten er no fullteikna, og du blir sett på venteliste. Ta kontakt om du har spørsmål.

Påmeldingsskjema