2024 Feriedag på tunet for 1.-10. klasse - torsdag 27. juni

Tid: Torsdag 27. juni kl 09:30-14:30 – 1 dag

Stad: Mariastallen, Krikane Gård (Valldal)

Målgruppe: 1.-10. klasse 

Ein feriedag på tunet består av aktivitetar og enkelt arbeid knytt til hest og stall, og litt sau. Vi blir kjent med kvarandre og garden, litt stallarbeid og tar lunsj ute om vêret er bra. Det blir aktivitet med hest – det kan vere riding, øvingar med hest frå bakken, gymnastikk på hesteryggen eller køyring med hest og vogn. Om vêret er fint kan det bli langtur med lunsj i seterdalen der hestane kan gå fritt.  

Denne aktiviteten kan ha maks 10 deltakarar.  

Ta med:  
Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen. 
Klede til å vere ute, langbukser og gode sko sjølv om veret er varmt. 
Sko: Helst sko med flat såle og litt hel, som ikkje set seg ikkje fast i stigbøylene på salen. Grove tursko er lite eigna. 
Solkrem om det er fint vêr. 
Mariastallen har hjelmar og sikkerhetsvestar, men ønskjer at dei som har slikt utstyr sjølv tek det med.  

Les meir om Mariastallen.

NB! Denne aktiviteten er no fullteikna, og du blir sett på venteliste. Ta kontakt om du har spørsmål.

Påmeldingsskjema