2024 Kunstverkstad trykk & grafikk for 1.-4. klasse - tysdag 13. august

Tid: Tysdag 13. august kl 09:30-14:45 – 1 dag

Stad: Valldal skule

Målgruppe: 1.-10. klasse 

Kva er eit trykk? Korleis kan vi lage bilde med mønster og farge utan å teikne eller male det?  

Vi startar dagen med å bli kjent med trykk som kunstform og ein kort gjennomgang av rutiner på verkstaden. Deretter, ved hjelp av lego, skal kvar enkelt lage ei eller fleire trykkplate etter eigen fantasi eller etter andre eksempel.  

Etter lunsj skal vi ta prøvetrykk, og etterpå utforske farger og nye kombinasjoner.  Alt av materiale er tilgjengeleg. 
På slutten av dagen skal alle gå heim med eit eige kunstverk!

Kurshaldar: Marjan Dijkstra

Denne aktiviteten kan ha maks 12 deltakarar

Ta med:  
Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen. 
OBS! Ha på gamle kle som tåler flekker, og gjerne forkle. Vi jobbar med akrylmaling.

Påmeldinga er no stengt. Ta kontakt med Bjørg for spørsmål som gjeld påmeldinga.

Påmelding

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64