2024 Valldal aktivitetspark for 1. - 10. klasse - måndag 1. juli

Tid: Måndag 1. juli kl 09:30-14:30 – 1 dag 

Stad: Valldal aktivitetspark 

Målgruppe: 1.-10. klasse 

Bli med på ein heil dag med klatring og aktivitet!

Klatreløyper og zip-lines, i tillegg til bagjump, hoppepute og hoppeslott.  Dei ulike løypene har ulike krav til høgde på den som klatrar.  

Barn under 12 år må ha med ein vaksen i løypene. Eventuelt kan de gjere avtale med andre føresette. (Maks fire barn under 12 år per vaksen). 

Personar under 18 år ha godkjenning av føresette/ansvarleg for å delta. 
Skriv ut og ta med ferdig underskrive eigenerklæringsskjema.  (PDF, 4 MB)

Om det er foreldre eller andre over 18 år som har lyst å vere med som frivillige klatrarar/frivillige tilsynsvakter denne dagen, er det fint om de snarast tar kontakt med Supersommar på e-post: bjorg.jacobsen@fjord.kommune.no.   

Les meir om Valldal aktivitetspark på nettsida deira

 
Ta med:  

  • Niste og drikke/drikkeflaske for heile dagen
  • Eigenerklæringsskjema med underskrift av føresette
  • Parken anbefalar å bruke hanskar til klatringa. (Tynne arbeidshanskar, langrennshanskar, sykkelhanskar eller liknande). Kan også kjøpast i parken for kr 50. 

 

Om du har spørsmål til påmeldinga eller anna kan du ta kontakt med Bjørg, tlf 90529164

 

Påmeldingsskjema 

 

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64