Digihjelp

Datamaskin, mobiltelefon og internett blir stadig viktigare for å bruke offentlege tenester og for anna i samfunnet – finn du fram? Treng du støtte for å kome i gang? Ta kontakt med biblioteket så hjelper vi deg.

Nytt digitalt utstyr?

Skal du kjøpe mobil, nettbrett eller PC, men er usikker på kva som er lurt?

  • Har du kjøpt utstyr, men får ikkje heilt til å ta det i bruk?
  • Har du spørsmål om smått og stort knytt til data?

Stikk innom biblioteket!

  • Hit kan du kome med små og store spørsmål.
  • Vi vidareformidlar kontakt for meir rettleiing ut frå behov.

Velkomen til Seniornett

For dei som ikkje er vant med å bruke digitalt utstyr kan terskelen vere litt høg for å kome i gang, og mange spørsmål dukkar opp. Fjord kommune har saman med frivillige og Seniornett gått saman for å legge til rette slik at nye brukarar kan kome seg ut på «nettet». 

Oppstart 2024

Måndag 15. januar kl 1030-1230. Vel møtt!

Du er velkomen til å møte opp utan påmelding. Men om du ønskjer informasjon om tema i forkant av kvar samling kan du melde deg på ved å sende ein e-post til frivillig@fjord.kommune.no eller ring frivilligsentralen på tlf 41867806. Skriv om du vil ha informasjonen på messenger eller som SMS.

Tema vert fastsett etter ønskje og behov. I innkallinga til neste møte vil det gå fram kva tema som gjeld. Det vert brukt materiell frå Seniornett sentralt. 
Informasjon om lokallaget i Valldal på Seniornett si nettside.

Det er Magne Krogh og Kjell Rønning som står for rettleiinga på samlingane. I tillegg til samlingane kan det bli lagt til rette for rettleiing i grupper eller enkeltvis.

Deltakarar frå alle bygdene i kommunen er velkomne!

Vi har PC tilgjengeleg både på biblioteket og servicetorget på rådhuset. Det beste er likevel om du tek med eige utstyr og får hjelp til å bruke det.

Vi ønskjer å lære deg grunnleggande databruk i kvardagen – og alt er gratis. Vel møtt!

Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
E-post
Telefon 41 86 78 06