eFaktura
Om du inngår ein avtale om eFaktura får du rekninga rett i nettbanken. For å nytte deg av eFaktura-tenesta må du ha tilgang til nettbank hos din bank.
Fordeler med eFaktura:
- Du mottar faktura i nettbanken i staden for i postkassa.
- Du slepp å taste inn lange KID- og kontonr. når rekninga skal betalast. Alt er ferdig utfylt.
- Det einaste du treng å gjere er å bekrefte betalinga i nettbanken eller via brettbank/mobilbank.
- Dersom du ønskjer det, kan du bli varsla på e-post kvar gong ei ny rekning kjem.
- Nettbanken har enkel oversikt over rekningar som er betalt og kva som ligg til betaling.
Korleis inngå avtale om eFaktura:
Når du betaler neste rekning frå Fjord kommune i nettbanken din, vil du få spørsmål om du ønskjer å motta rekninga elektronisk, altså som eFaktura. Dette svarer du bekreftande på, så følger du rettleiinga du får på skjermen. Banken ber blant anna om eFaktura-referanse. Opplysningar om denne referansen står på fakturaen du har mottatt frå kommunen. Du kan også registrere eFaktura manuelt i nettbanken.
Meir informasjon om eFaktura
AvtaleGiro
AvtaleGiro gjer at faste rekningar blir betalt automatisk. Alle kan teikne AvtaleGiro, du treng ikkje ha nettbank for nytte deg av denne tenesta.
Fordeler med AvtaleGiro:
- AvtaleGiro er enkelt, effektivt og oversiktleg.
- Fakturabeløpet vert trekt automatisk frå kontoen din ved forfall, du slepp å betale giroen i nettbank eller i banken.
Korleis inngå avtale om AvtaleGiro:
Dette er ein avtale mellom deg og banken din. For å inngå avtale kan du anten:
- Ta kontakt med banken din
- Opprette avtale i nettbanken din.
Meir informasjon om AvtaleGiro
Hos Fjord kommune kan du også kombinere eFaktura og AvtaleGiro. Då vil betalinga bli utført automatisk på forfallsdato med AvtaleGiro, og eFaktura med spesifikasjon av fakturaen vil fungere som varsel for betalinga. Du vil motta varsel pr e-post når eFakturaen er tilgjengeleg i din nettbank. For kombinasjonen må du inngå både AvtaleGiro og eFaktura avtale.
Publisert 01.08.2024 11.18