Mat og måltid



 

Barnehagen har felles frukost mellom kl. 08.00 og 09.00. Dei som skal ete frukost her må vere komne innan kl. 08.30.  Barna har med seg frukost i matboks. Dei får mjølk eller vatn her.

Barna får faste plassar. Vi vil gjere måltidet så roleg som mogleg, og passe på at alle får nok tid til å ete ferdig maten sin. Vi ønskjer at måltida i barnehagen skal opplevast som ein positiv situasjon både sosialt og emosjonelt. Vi vil leggje til rette for at barna gradvis lærer å meistre å ete og smøre på maten sin. Dei vaksne skal hjelpe barna til å smøre på maten men og til å meistre mest mogleg sjølv. I tillegg vil vi ha fokus på kva som er sunt å ete, kvifor og kva som er bra for kroppen når vi et akkurat det. Den gode samtalen ved bordet er viktig, vi tar oss god tid til å prate skikkeleg saman. Vi vil leggje vekt på å ha det koseleg ved måltida.

Dei som kjem under frukost (og har ete frukost heime) får halde på med bordaktivitet eller liknande til dei andre er ferdige.

Barnehagen er registrert som ein 5 om dagen barnehage. Det vil seie at vi har fokus på å servere frukt og grønsaker i tråd med myndigheitene sine anbefalingar.