Sikring av digitale einignar
Fjord kommune tek ansvar for å vareta tryggleiken til elevane og personvern når dei nyttar digitale einingar til skulen.
eKommune Sunnmøre, som er eit IT-driftssamarbeid beståande av kommunane Fjord, Giske, Haram, Sula og Ålesund, handhever den tekniske tryggleiken på dei digitale einingane til elevane gjennom ei rekkje ulike tiltak som skal bidra til eit trygt og føreseieleg læringsmiljø.
Berre godkjende pedagogiske applikasjonar blir installert på einingane, og programvaren blir kontinuerleg oppdatert. Elevar kan ikkje laste ned og installere anna programvare.
For å verne elevane mot uønskt innhald og digitale truslar, blir det brukt avanserte filtreringssystem som blokkerer tilgang til upassande nettsider. Dette gjeld enten eininga blir nytta på skulen eller heime.
Nettverkstryggleik og tilgangskontroll blir ivaretatt gjennom bruk av brannmurar som verner einingane, og skil elevane frå andre brukargrupper i nettverket til kommunen.
Døgnkontinuerleg tryggingsovervaking frå ekstern leverandør bidreg til å avgrense konsekvensane av eventuelle tryggingsbrot.
Vurdering av risiko
Før ein tek i bruk program og system vurderer kommunen teknisk og organisatorisk risiko, og dessutan personvern for elevar og foreldre. Vi gjennomfører ROS-analysar og GDPR-undersøkingar, og vurderer mellom anna:
- Behandlar systemet personopplysningar?
- Kva personopplysningar blir behandla?
- Korleis blir personopplysningane behandla?
- Kvar blir personopplysningane lagra?
- Kva konsekvensar kan dette ha?
Når kommunen nyttar eksterne leverandørar av program og datasystem, inngår vi ein databehandlaravtale. Avtalen regulerer tryggleiken rundt behandling av opplysningar, og sikrar at leverandøren behandlar personopplysningar i tråd med lov og forskrifter.
Lover og forskrifter
Viktige lover og forskrifter som regulerer behandling av personopplysningar i skulen:
Lagring og sletting av informasjon
Informasjonen som blir samla inn og lagra varierer og er avhengig av programmet og leverandøren. Informasjon blir sletta når han ikkje lenger er nødvendig for formålet.
Informasjon som etter lov som skal arkiverast, blir handtert i samsvar med arkivlova. Sletting av informasjon blir regulert av databehandlaravtale og GDPR, og prosedyrar sikrar trygg oppbevaring og sletting når informasjonen ikkje lenger er nødvendig.
For å lær meir om trygg og ansvarleg bruk av internett, besøk våre tilrådde ressursar:
Nettvett.no
Barnevakten.no
Medietilsynet.no