Kunstig intelligens (KI)

Informasjon til føresette angåande bruk av kunstig intelligens (KI) i skulen

I Fjord kommune introduserer vi ein ny ressurs som vil vere med på å gi fleire  moglegheiter i læringsarbeidet for elevane våre; ein kunstig intelligens-basert språkmodell som heiter KIKI. Denne teknologien er designa for å vere ein støttande assistent, og tilgjengelegheit blir styrt etter skulane sine premiss heile døgnet. 
Språkmodellen er utvikla av Avdeling for utvikling og digital innovasjon i Kristiansund kommune, i samarbeid med Digi Møre og Romsdal – Fagnettverk oppvekst. 

Kvifor tek vi i bruk denne teknologien hos oss?

  •  Tilpassa opplæring: Språkmodellen tilpassar svara sine etter den einskilde eleven sitt behov, noko som kan gi ei meir personleg og effektiv læring.
  • Kompetanse: Denne modellen gir elevar og lærarar verdifull erfaring med ny teknologi, noko som er essensielt i eit stadig meir digitalisert samfunn. 
  • Tilgjengelegheit: Språkmodellen skal vere tilgjengeleg for elevane heile tida, slik at dei kan få hjelp når dei treng det, uavhengig av tid og stad.

Sikkerheit og retningslinjer

  • Tiltak for å ivareta personvernet er implementert i løysinga. 
    Kommunen har laga retningslinjer for å sikre at bruken av denne teknologien er trygg og ansvarleg. 
  •  Elevar og lærarar blir oppmoda om å ikkje dele personlege eller sensitive opplysningar. 
  •  Lærarane vil gjennomgå Utdanningsdirektoratet sin kompetansepakke om kunstig intelligens før teknologien blir tatt i bruk.
  • Informasjonsplakatar vil bli sett opp på skulane for å informere om rett bruk.

Utfordringar og ansvar

  • Vurdering: Vi er medvitne om utfordringar knytt til vurdering av arbeid som kan vere assistert av kunstig intelligens.
  • Lese- og skrivedugleik: Bruk av kunstig intelligens utfordrar tradisjonelle oppfatningar av slik dugleik, og vi vil jobbe for å integrere teknologien på ein måte som støttar elevane si utvikling.
  • Kjeldekritikk og dømmekraft: Når ein skal navigere i et landskap med stadig aukande mengder av informasjon og potensielt upålitelege kjelder, er det viktig at vi brukar tid på skulen til å arbeide med dette i opplæringa. Språkmodellen KIKI er eit trygt verktøy å nytte inn mot slikt arbeid.

Vi viser til Utdanningsdirektoratet sine råd om kunstig intelligens i skulen

Retningslinjer for bruk av Kiki i skulane i Fjord kommune (PDF, 91 kB)