- eit viktig samarbeid over kommunegrensene, vert drifta av Alesund kommune.
BARNEVERNVAKT TELEFONNUMMER: 915 76 020
Barnevernvakta sine oppgåver:
Barnevernvakta tek imot akutte henvendingar på telefon frå private personar og offentlege instansar som er akutt bekymra for barn og unge som oppheld seg i dei respektive kommunane.
Informasjon, råd og rettleiing på telefon
Barnevernvakta skal bistå med å løyse den akutte situasjonen og vurdere å kontakte andre instansar ved behov. Avklar følgjande:
- Oppheld barnet seg i ein av dei kommunane som inngår i samarbeidet?
- Er det akutt? Kor lenge, kor alvorlig?
- Kan det vente til ordinær arbeidstid?
- Kva er godt nok akkurat no?
- Er det andre tryggheitspersonar for barnet som kan hjelpe?
- Kva er minst belastande for barnet?
Publisert 12.12.2024 09.12