Å vere besøksheim inneber å ta imot barn eller ungdom, ein eller fleire døgn per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Besøksheim skal ikkje erstatte barnet sin heim hos biologiske foreldre, men vere ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte til foreldra.
Kven kan bli besøksheim
Einslege og par, med og utan barn kan være besøksheim.
Det blir ikkje sett krav om formell utdanning for å bli besøksheim, personlege eigenskapar og engasjement blir vektlagde. Det er viktig at besøksheimen består av trygge og stabile vaksne personar med husrom og hjarterom.
Korleis bli besøksheim?
Om du har lyst å bli besøksheim kan du ta kontakt med barnevernet i Fjord kommune.
Vilkår
For å blir godkjent som besøksheim må ein legge fram politiattest i samsvar med reglane i lov om barnevernteneste §6-10.
Betaling/lønn
Besøksheim får godtgjering etter satsar vedtatt i kommunenes sentralforbund. Satsane blir regulert årleg.
Publisert 01.08.2024 10.39