For deg som er barn eller ungdomLytt til tekstenStopp avspilling Når ting blir vanskeleg kan det verke som om heile verda er i mot deg, og at du er den einaste som har det sånn. Det kan vere mange ting som er vanskelege å handtere aleine. I Fjord kommune er det mange vaksne som arbeider med barn og ungdom som du kan ta kontakt med om noko er vanskeleg. Kven du kan snakke med i Fjord kommune? Snakk med ein vaksenperson du stoler på. Det kan vere ein lærar eller andre vaksne ved skulen, trenaren i idrettslaget ditt, ein vaksen i korpset, eller foreldre til ein god venn. Skulehelsesøster har faste dagar ved skulen. Barnevernet har vakttelefon Sjølv om den du snakkar med kanskje ikkje er den som kan hjelpe deg best, kan han/ho hjelpe deg til å kome i kontakt med rett person. Gå til den du synest er lettast å snakke med. Kven andre du kan snakke med? Alarmtelefonen tlf. 116 111 Gratis naudtelefon for barn og vaksne Mentalhelse.no tlf. 116 123 Telefon- og netteneste for alle som treng nokon å snakke eller skrive med. Sidetmedord.no Døgnopen teneste Kors på halsen På Kors på halsen kan du prate med, eller skrive til, vaksne som er frivillege i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å sei og hjelper deg om du vil. Det er heilt anonymt og heilt gratis. Dei svarar på telefon, chat og e-post måndag til fredag mellom klokka 14:00 - 22:00. Politiet på telefon 112 Informasjon om ulike tema Lurer du på noko om kropp og sex? Blir du mobba? Videoklipp Film om Sara 5 år - mamma drikk Film om Alex 16 år - pappa drikk Publisert 13.07.2022 14.46
Når ting blir vanskeleg kan det verke som om heile verda er i mot deg, og at du er den einaste som har det sånn. Det kan vere mange ting som er vanskelege å handtere aleine. I Fjord kommune er det mange vaksne som arbeider med barn og ungdom som du kan ta kontakt med om noko er vanskeleg.
Kven du kan snakke med i Fjord kommune? Snakk med ein vaksenperson du stoler på. Det kan vere ein lærar eller andre vaksne ved skulen, trenaren i idrettslaget ditt, ein vaksen i korpset, eller foreldre til ein god venn. Skulehelsesøster har faste dagar ved skulen. Barnevernet har vakttelefon Sjølv om den du snakkar med kanskje ikkje er den som kan hjelpe deg best, kan han/ho hjelpe deg til å kome i kontakt med rett person. Gå til den du synest er lettast å snakke med. Kven andre du kan snakke med? Alarmtelefonen tlf. 116 111 Gratis naudtelefon for barn og vaksne Mentalhelse.no tlf. 116 123 Telefon- og netteneste for alle som treng nokon å snakke eller skrive med. Sidetmedord.no Døgnopen teneste Kors på halsen På Kors på halsen kan du prate med, eller skrive til, vaksne som er frivillege i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å sei og hjelper deg om du vil. Det er heilt anonymt og heilt gratis. Dei svarar på telefon, chat og e-post måndag til fredag mellom klokka 14:00 - 22:00. Politiet på telefon 112 Informasjon om ulike tema Lurer du på noko om kropp og sex? Blir du mobba? Videoklipp Film om Sara 5 år - mamma drikk Film om Alex 16 år - pappa drikk