Digitalt følgjekort/ledsagerbevis
Har du fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting kan du med eit følgjekort ta med deg ein person utan ekstra kostnad på offentlege kultur- og fritidsarrangement og på transportmiddel der ordninga blir akseptert.
Formål
Formålet med ordninga er å førebyggja isolasjon og bidra til auka livskvalitet. Den som har ein funksjonsnedsetting som gjer at ein treng følgje for å delta på kultur- og fritidsarrangement eller nytte offentleg transportmiddel, skal med følgjekortet kunne ha med seg eit følgje, utan at den personen treng å betale for billetten.
Kven kan få følgjekort ?
- Har du ei fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting som varer minimum 2 år, kan du få ledsagerbevis.
- Ledsagerbevis blir tildelt uavhengig av søkjar sin økonomi eller livssituasjon.
- Det er ingen øvre eller nedre aldersgrense
Korleis bruke følgjekortet ?
- Det er kun følgjepersonen som får rabatt eller gratisbillettar. Den som eig eit følgjekort betalar for seg sjølv.
- Korthaldar vel sjølv følgjepersonen sin, og kan ha ulike følgjepersonar frå gong til gong.
- Det er den enkelte arrangør som bestemmer kva rabatt dei ynskjer å gi.
Ordninga er landsdekkjande, og du kan nytte følgjekortet på tvers av kommunegrenser.
Kva kostar det ?
Følgjekortet er gratis
Slik søkjer du
Søk digitalt følgjekort/ledsagerbevis
Dette må du legge ved søknaden:
- Eit bilete i JPG-format av nyare dato og god kvalitet.
- Uttale frå lege eller helsepersonell på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar.
Det er ingen søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande
Retningsliner for ledsagerbevis - Helsenorge
Ledsagerbevis
Publisert 25.10.2024 10.52
Sist endra 25.10.2024 15.56