Helseplattforma

Fjord kommune vil etter planen kople seg til Helseplattform i november 2023. Sjå her kva Helseplattforma vil bety for deg.

Kva er Helseplattforma?

Helseplattforma er ein ny, felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Norge. I dag ligg dine helseopplysningar i fleire ulike datasystem som ikkje snakkar med kvarandre. Som pasient må du gjenta historia din kvar gong du møter ein ny person i tenesta. Med Helseplattforma vil du få EIN journal som skal følgje deg i alle møter med helsetenesta. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon til rett tid, samla på ei og same plattform, vil også auke pasientsikkerheita.

Helseplattforma har laga ei eiga side der du kan få meir informasjon:

Korleis kan eg får tak i mine helseopplysningar?

Med Helseplattforma kjem også HelsaMi. Dette er din digitale inngang til helse- og omsorgstenester. ​Gjennom HelsaMi kan du blant anna få oversikt over helseopplysninga0,r og ha dialog med helsepersonell.

Du kan bruke HelsaMi som ein eigen app, men du kan også logge inn på nettsida etter at første aktør har kopla seg opp. 

Er det trygt?

HelsaMi er like sikkert som nettbanken. Du loggar deg inn med BankID, Buypass eller Commfides. Alle har sikkerhetsnivå 4 som er det høgaste sikkerhetsnivået.

Film om Helseplattforma

 

Turid Engeseth Løvoll
Prosjektleiar
E-post
Telefon 41 86 79 44