Jordmor

Jordmor er tilsett i 50% stilling.
Hovudkontor ved helsestasjonen i Valldal.
Det er også høve til å få time med jordmor i Stordal.

  • Jordmor tilbyr oppfølging av gravide og deira partnar gjennom svangerskap og barseltid. 
  • Jordmortenesta har også tilbod til kvinner som ikkje er gravide. Det er høve til å bestille seg time med jordmor for prevensjonsveiledning, reseptar, innsetting og fjerning av spiral og P-stav og celleprøve frå livmorhalsen. 
  • Jordmor kan også tilby støttesamtalar innan seksuell helse og reproduktiv helse.
  • Time med jordmor har kort ventetid og er gratis. Du batalar kun for brukt utstyr. 

Gravid?

Det er anbefalt å ta kontakt med jordmor så snart du veit du er gravid. Då vil du få time for ein tidleg samtale etter retningsliner for svangerskapsomsorga.  Denne samtalen inneheld desse tema:

  • Informasjon og kartlegging av ditt behov for oppfølging i svangerskapet
  • Gjennomgang og utfylling av helsekort for gravide
  • Henvisning til tidleg ultralyd
  • Fysiske og psykiske endringar i svangerskapet
  • Fosterutvikling i 1. trimester
  • Fysisk helse og aktivitet
  • Kosthald og behov for kosttilskot
  • Legemiddel
  • Psykisk helse
  • Erfaringar med vold og seksuelle overgrep
  • Erfaring med røyk og snus. Alkohol og illegale rusmiddel

Du kan sjølv velje om du vil gå til jordmor eller lege for svangerskapskontrollar og etterkontroll.

Partnar er velkomen til å vere med på svangerskapskontrollane.

Tilbod frå jordmortenesta

  • Svangerskapskontrollar og oppfølging av gravide i samarbeid med legetenesta
  • Samtale, råd og veiledning i svangerskapet om sentrale tema innen kvinnehelse, livsstil og svangerskapsplager.
  • Henvisning til ultralyd, og anna oppfølging i spesialisthelstenesta ved behov.
  • Forberedelse til fødsel, amming og det å bli foreldre.
  • Tidleg heimebesøk av jordmor etter fødsel. 1-3 dg etter heimkomst.
  • Ivaretaking av familien i samarbeid med helsestasjonen.
  • Etterkontroll av kvinna 6 veker etter fødsel.
  • Prevensjonsveiledning og administrering av alle typer prevensjon til alle kvinner over 15 år.
  • Innsetting og fjerning av P-stav og spiral ( også ballerine kobberspiral)
  • Celleprøve frå livmorhalsen
  • Vulvodyni og vaginisme, støttesamtalar og oppfølging. 
  • Samtale om seksualitet, seksuell helse og abort.
  • Planlegg du å bli gravid? Førsamtale.

Fødeavdeling Ålesund, 70 10 59 40
Fødeavdeling Volda, 70 05 83 61
Ambulanse, 113
Legevakt, 116 117

Nyttige linkar

Home | Ballerine Perlespiral 
Vulva forside - Vulva.no 
https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/svangerskapsomsorgen
http://www.fhi.no/
http://www.helsenorge.no/gravid
http://www.sexogsamfunn.no/
http://ammehjelpen.no/
http://matportalen.no/
https://www.nav.no/Forsiden
https://www.landsforeningen1001dager.no/
https://nhi.no/graviditetsoraklet/
https://kjennliv.no/
https://program.changetech.no/ChangeTech5r.html?Mode=Trial&P=6X8LNT
https://www.amathea.no/
https://www.stinesofiesstiftelse.no/tema/temafilmer-for-samtale-med-blivende-og-nybakte-foreldre
https://www.tryggmammamedisin.no/
https://www.helseoversikt.no/
Prosjekt kvinnehelse | Tenk (faktisk.no)

Elin Tafjord Skoge
Jordmor
E-post
Telefon 41 86 79 49
Valldal legekontor
Telefon 41 86 78 50


Adresse
Grandegata 54
6210 Valldal

Opningstider
Måndag - fredag klokka 08.00 - 15.30
Telefontid: klokka 08.30-11.30 og 12.30-15.00 
Legevakt: klokka 08.00 - 16.00

Stordal legekontor
Telefon 41 86 78 50


Adresse
Stordalsvegen 550
6250 Stordal

Opningstider
Måndag - torsdag klokka 08.00-15.30
Fredag STENGT - telefonen er open som vanleg
Telefontid: klokka 08.30-11.30 og 12.30-15.00 
Legevakt: klokka 08.00-16.00