Skulehelsetenesta

Kva tilbyr vi?

Helsesjukepleiar har open dør for alle elevar - kom gjerne innom for ein prat. Helsesjukepleiar samarbeider tverrfagleg og henviser vidare ved behov. Helsesjukepleiarane deltar i ansvarsgrupper.

Faste tilbod frå skulehelsetenesta:

  • 1. trinn: Helseundersøkelse ved lege og helsesjukepleiar
  • 2. trinn: Vaksine mot stivkrampe, difteri, kikhoste og poliomyelitt (Tetravac)
  • 3. trinn: Måling av høgde og vekt. Oppfølging etter behov. 
  • 5. trinn: Pubertetsundervisning
  • 6. trinn: Vaksine mot meslingar, kusma, røde hunder (MMR vaksine)
  • 7. trinn: HPV vaksine for begge kjønn to doser
  • 8. trinn: Samtale individuelt om helse og trivsel. Måling av høgde og vekt
  • 9. trinn: Samlivsundervisning
  • 10. trinn: Vaksine mot stivkrampe, difteri, kikhoste og polio (Boostrix polio)

Vi tilbyr også:

  • Målretta helseundersøking i samråd med foresatte f.eks syn/hørsel.
  • Undervisning i ulike helserelaterte tema.
  • Foreldremøter

Kven kan få tilbodet?

Både elevar og føresette er velkomne til å ta kontakt med helsesjukepleiar.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontaktpersonar skulehelsetenesta

Stordal skule: Monika Stavseng, tlf. 418 67 936, tirsdag og torsdag kl. 0830 - 1130
Valldal skule: Annie Relling, tlf. 418 67 951, måndag og onsdag kl. 0900 - 1130
Eidsdal skule: Anne Gry Myklebust Vestre, tlf. 418 67 954, tirsdag kl. 0900 - 1130

Bente Skarbø
Leiande helsesjukepleiar
E-post
Telefon 41 86 79 46
Monika Stavseng
Helsesjukepleiar
E-post
Telefon 41 86 79 36
Annie Relling
Helsejukepleiar
E-post
Telefon 41 86 79 51
Anne Gry Myklebust Vestre
Helsesjukepleiar
E-post
Mobil 41 86 79 54