Kva tilbyr vi?
Vi har hjelpemiddel som kan hjelpe deg til forflytting, personlig stell og hygiene.
Eksempel på hjelpemiddel er: rullator, rullestol, arbeidsstol, dusjkrakk, dusjstol, toalettforhøyar, toalettstol, støttestang og søsterhjelp.
Hjelpemiddel vi ikkje har til utlån er enkle små hjelpemidler som for eksempel gripetang, støttehandtak og krykker. Det kan du kjøpe sjølv. Ta kontakt om du treng hjelp til dette. Nokre enkle hjelpemiddel kan kjøpast på apoteket.
Hjelpemiddel til kortvarig utlån er ikkje individuelt tilpassa, men skal dekke eit generelt behov.
For kortvarig utlån er leigeperioden som hovudregel avgrensa til tre månader, men opp til to år ved behov.
Korleis få tilbodet?
Ta kontakt med oss om du har eit kortvarig behov for hjelpemiddel. Har du heimetenester kan også dei hjelpe deg med å formidle behovet ditt.
Utlevering og innlevering av hjelpemiddel
Vi oppfordrar alle som har høve til det, om å hente og levere enkle og lette hjelpemiddel sjølv. Hjelpemiddelet skal leverast til bake til utleveringsstad. Vi har lager på Stordalstunet, og på open omsorg i Stordal, Valldal og Eidsdal.