Kva er koordinator og individuell plan?
Ein koordinator er ein tenesteytar som skal sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbodet ditt, samt framdrift i arbeidet med individuell plan.
Når du har fått oppnemnt ein koordinator, er det denne som saman med deg avgjer starten på arbeidet med ein individuell plan. Du kan velje å ha ein koordinator sjølv om du ikkje ønsker å få utarbeidd ein individuell plan.
Ein individuell plan er et verktøy for samhandling og koordinering av tenestene dine.
Den individuelle planen er eit felles verktøy på tvers av fagområde, nivå og sektorar. Den skal seie noko om dine mål og ønsker, og vil vere med på å gi ei betre oversikt over kva som er viktig for deg i dag og framover. Den kan også gi ei oversikt over kven som er involvert i tenestene rundt deg.
Ein individuell plan skal ikkje erstatte behovet for detaljerte delplanar. Individuell opplæringsplan (IOP), behandlingsplanar, treningsprogram m.m. kan inngå som delar av den individuelle planen.
Det skal berre utarbeidast éin individuell plan.
Les meir i brosjyra.