Kven kan få tilbodet?
Alle som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for sjukepleie i heimen. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Korleis få tilbodet?
Elektronisk søknadsskjema
Søknadsskjema for utskrift (PDF, 150 kB) (pdf)
Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut skjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, ta kontakt med heimetenesta.
Kva skjer vidare?
Søknadar vert behandla fortløpande, og om du ikkje får endeleg svar på søknaden innan 3 veker skal du motta eit svar på om lag kor lang behandlingstid ein forventar før vedtaket er klart
Klage
Vedtak om heimesjukepleie kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.
Lover og reglar
Lov om komunale helse- og omsorgstenester § 3-2, punkt 6.a
Pasient- og brukerrettighetsloven