Med parkeringskort for rørslehemma kan du parkere på:
- parkeringsplassar som er reservert for rørslehemma
- offentlege parkeringsplassar som krev avgift utan å betale avgift og utover tidsavgrensning
Kortet har vanlegvis ei varigheit på to til fem år.
Les meir i informasjonsskrivet (PDF, 209 kB)
Krav til søkjar
- Du må i søknaden sjølv beskrive di funksjonsevne og dokumentere særleg behov for å parkere ved bustad, arbeid, eller regelmessig medisinsk behandling. (Handling, vanskar med å bere, sosiale aktivitetar og praktiske utfordringar gir i seg sjølv ikkje rett til parkeringsløyve.)
- Du må saman med søknad legge ved legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar.
- Du kan søke om parkeringsløyve enten som førar eller passasjer. Det kan kun registrerast eit kort per person.
Korleis søke?
Fyll ut søknadsskjema
Legeerklæring - vedlegg til søknad om parkeringsløyve (PDF, 2 MB)
Du kan få hjelp til å fylle ut skjemaet på servicetorget.
Vedlegg du må legge ved søknaden
- Foto i passbildestorleik med namnet ditt påskrive på baksida
- Dokumentasjon på regelmessige behov, t.d. stadfesting frå behandlingsstad eller frå arbeidsgjevar
- Legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over avstand
- Foto av førarkort om du søkjer som førar av bil
NB: For at søknaden skal bli vurdert må alle papir/vedlegg sendast inn. Om vi ikkje mottek alle vedlegg innan 4 veker etter at søknad er mottatt så avsluttar vi saka.
Søknadsfrist
Søknadane blir behandla fortløpande.
Pris
Kortet er gratis
Saksbehandling
Vi har inntil 4 veker sakshandsamingstid etter at alle vedlegg er mottatt.
Klage
Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Fjord kommune, pb. 144, 6211 Valldal.
Tapt/stole HC- kort
Om kortet blir tapt eller stole, må du melde dette til politiet.
Deretter må du levere kopi av tapsmelding/anmeldelse og nytt bilete til Fjord kommune, Enhet for Forvaltning, koordinering og utvikling, postboks 144, 6211 Valldal
Lover og reglar