Tilrettelagt transport (TT-kort)

Har du ei varig funksjonshemming, fysisk eller psykisk, og difor har behov for dør-til-dør transport for å kunne ta del i aktivitetar i nærmiljøet, kan du søke om TT-kort.

Transporttenesta for funksjonshemma er elektronisk. Brukarkortet er knytt opp mot ein personleg reisekonto, og for å betale ei reise nyttar ein kortet på same måte som eit bankkort.

Grunna overgang til nye retningslinjer blir det ikkje tatt inn nye brukarar i TT-ordninga fram til 31.12.2024. 
Alle TT-kort blir avslutta 31.12.2024. Tidlegare vedtak vil ikkje gjelde lenger.

Du som har TT-kort i dag må difor søke på nytt med ny legeerklæring for å bli vurdert om du oppfyller dei nye vilkåra.

Vi vil presisere at tal plassar Fjord kommune har fått tildelt har blitt redusert.


Transporttenesta for funksjonshemma er ei fylkeskommunal ordning, der oppgåva med å behandle søknadane, samt innmelding og utmelding av brukarar er overlatt til kommunane. Retningslinjene blir vedtatt av Samferdselsutvalget i Møre og Romsdal.

Du kan leser mer om ordninga på Fylkeskommunen si heimeside.

Slik søkjer du

Skjema finn du på Fylket sine nettsider

Send skjemaet til: Fjord kommune, pb. 144, 6211 Valldal eller på epost: post@fjord.kommune.no.

Frist for å søke på nytt er 1. oktober 2024.

Kven kan få tilbodet?

  • Personar som grunna si funksjonshemming er varig forflyttingshemma, og difor har vesentlge vanskar med å reise kollektivt, kan søke om TT-kort. 
  • Funksjonshemminga må vere varig eller lengre enn to år for at søkar skal bli godkjent som TT-brukar.
  • Rullestolbrukarar og blinde har førsteprioritet.
  • Nedre aldersgrense er 10 år. Det er inga øvre aldersgrense.
  • Manglande busstilbod eller lang avstand til busshaldeplass gir ikkje rett til TT-kort.
  • TT-kortet blir utsteda for to år, ved større funksjonsnedsetting vert TT-kortet utsteda for fem år.  

Kva får du?

Godkjende brukarar får eit kort som skal brukast som betalingsmiddel ved bruk av drosje. Kortet blir lasta opp med eit kronebeløp ut frå satsar bestemt av samferdselsutvalget i Fylket. 
Opplasting av kort skjer 1. januar og 1. juli kvart år. 

Satsar for TT-kort

Satsar for TT-kort
Sone Definisjon Sats per halvår
M1 Brukar bor inntil 10 km frå kommunesenter Kr. 1.215
M2 Brukar bor over 10 km frå kommunesenter Kr. 2.430
M3 Rullestolbrukar som bor inntil 10 km frå kommunesenter Kr. 4.455
M4 Rullestolbrukar som bor over 10 km frå kommunesenter Kr. 5.670

Kva kan du bruke kortet til?

TT-kortet skal kun brukast til fritidsreiser. Du skal ikkje bruke TT-kortet til:

  • Sjuketransport
  • Legebesøk
  • Andre reiser som blir dekt av NAV eller andre offentlege myndigheiter. 
  • Viss ikkje TT-kortet blir nytta over ein samanhengande periode på 12 månader, blir godkjenninga som TT-brukar trekt tilbake og kortet vil bli sperra.  

Pris

Det er gratis å bli med i ordninga. Ved tap av kort kan ein få tilsendt eit nytt mot å betale kr 40. Denne summen blir trekt av det tildelte beløpet. 

Frå og med 1. januar 2024 må du betale ein eigenandel på kr. 40 per tur. Eigenandelen kan ikkje trekkast frå kortet. Den må  betalast separat. 

Klage

Eventuell klage skal rettast til Fjord kommune, og blir behandla av kommunalt klageorgan. Klagefristen er tre veker frå vedtaket er mottatt, jfr. forvaltningslova §29.

Nye retningslinjer frå 2025

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedtatt nye retningslinjer som vil tre i kraft 1. januar 2025. I vedtaket står det at alle som har TT-kort i dag må søke på nytt i 2024 for å bli med i ordningen fra og med 2025. Frist for å søke på nytt vil være 1. oktober 2024. 

Retningslinjer for transporttjenesten for funksjonshemmede i Møre og Romsdal gjeldende fra 1. januar 2025 (PDF, 938 kB) (PDF, 938 kB)

Elisabeth Midtbust
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 86 78 00