Kven kan få tilbodet?
Her finn du ut om du er i målgruppa
Korleis søke?
Slik søker du bustøtte
Vedlegg til søknaden:
- Husleigekontrakt, om du leiger privat bustad Leiger du kommunal bustad eller omsorgsbustad treng du ikkje legge ved husleigekontrakt
- Nedbetalingsplan på bustadlån, om du eig bustaden du bur i.
- Dokumentasjon på felleutgifter, om du bur i burettslag, sameige, aksjeleilegheit eller obligasjonsleilegheit
Informasjon om inntekta di blir henta inn automatisk.
Om du treng hjelp til å fylle ut søknaden kan du ta kontakt med Servicetorget på rådhuset. Om du fyller ut papirsøknad skal den sendast til Sula kommune.
Søknadsfrist
Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer rundt den 20. i påfølgjande månad.
Kva skjer vidare
Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad.
Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad. Får du avslag 3 månader på rad må du søke på nytt.
Om du flyttar må du søke på nytt.
Hugs å melde frå om endringar
Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. Du har plikt til å melde frå dersom det skjer endringar som kan ha betydning for berekning av bustøtta. Det kan for eksempel vere om nokon flyttar inn eller ut av husstanden eller om husstanden si formue endrar seg.
Klage
Om du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du mottok vedtaket.
Slik klagar du
Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken sine nettsider. Du kan og ta kontakt med Servicetorget i Sula kommune for å få hjelp og rettleiing.
Lover og reglar
Lov om bustøtte
Forskrift om bustøtte