Motorferdsel i utmarkLytt til tekstenStopp avspilling Motorferdsel i utmark er som hovudregel forbode. Unnateke er bruk av motorkøyretøy til ein del nytteformål. Kommunen kan gje løyve til nyttekøyring etter søknad. Det er ikkje høve til å gje løyve til turkøyring. Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verne om naturmiljøet og å auke trivselen. Søknad om løyve til bruk av motorkøyretøy i utmark leverer du på eige søknadsskjema. Nyttekøyring kan til dømes vere bruk av snøscooter for å få fram bygningsmateriale til hytte utan vegsamband. Sørg for å få med aktuelle vedlegg, t.d kart med innteikna køyrerute, legeattest ved transport av funksjonshemma, løyve frå grunneigar dersom ferdselen skal gå over andre sin eigedom. Det er eigne forskrifter for : Reinheimen Nasjonalpark Tafjord og Reinheimen landskapsvernområde Trollstigen landskapsvernområde Romsdalen landskapsvernområde Det er eige søknadsskjema for Kallskaret naturreservat og Geiranger-Herdalen landskapsvernområde. Ved ferdsel i Geiranger-Herdalen lanskapsvernområde må det søkjast til: Statsforvalteren i Møre og Romsdal Fylkeshuset, 6404 Molde Lov om motorferdsel i utmark Forskrift om bruk av motorkøyretøy i utmark m.v. Publisert 25.07.2022 09.05