Kulturstipend

Føremålet med kulturstipendet er å premiere oppnådde resultat og stimulere kulturutøvarar til vidare utvikling, utdanning og satsing.

Om stipendet og søknaden

Kulturstipendet kan bli gitt til einskildpersonar eller gruppe av personar som har gjort seg bemerka innanfor si kulturgrein. Stipendmottakar må vere busett i Fjord kommune. Kandidatar mellom 12 og 25 år vil bli prioritert. 

Enkeltpersonar, organisasjonar og formannskapet kan kome med forslag til kandidatar. 
Utøvar kan sjølv søke kulturstipend. Søknaden skal innehalde informasjon om kulturell aktivitet og oppnådde resultat.

Kulturstipendet er på kr 5.000 i tillegg til diplom. Formannskapet har ansvar for utdelinga ved eit passande høve. 

Søknadsfrist: 15. oktober

Send inn forslag til Fjord kommune, postboks 144, 6211 Valldal eller e-post post@fjord.kommune.no

Retningslinjer 

Retningslinjer for tildeling av kulturstipend (PDF, 585 kB)