Husdyrgjødsel

Spreiing av gjødselvarer av organisk opphav er kun tillate i perioden 15.februar til 1.november. Det kan ikkje spreiast gjødselvarer på snødekt eller frosen mark.

Spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng eller åker bør gjerast så tidleg i vekstsesongen at det er muleg at tilveksten blir hausta eller beita. Jf. forskrifta skal det spreiast innan 1. september, om ikkje anna er bestemt av kommunen jf. tredje ledd.

Spreietidspunkt

Spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng/åker skal gjerast innan 1.oktober. Husdyrgjødsel spreidd på åpen åker skal moldast ned straks og seinast innan 18 timar etter spreiing fram til 1.november.

Alle som skal spreie husdyrgjødsel mellom 1. september og 1. oktober utan nedmolding må søkje om løyve til dette. Gjødselspreiing med nedmolding kan skje fram til 1. november. Gjødselspreiing etter 1. november eller på snødekt og frosa mark er ikkje tilate. Det skal søkjast på eige skjema (PDF, 390 kB).

Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav har og krav til spreieareal og gjødseldyreiningar. Målet med kravet til spreiieareal er å tilpasse tilførselen av næringsstoff til planantane sine behov og begrense avrenning og utvasking av næringsstoff. Det er teke utgangspunkt i eit  krav om maksimum 14 kg fosfor pr. 4 daa. Dette er om lag den årlege mengden fosfor frå ei mjølkeku (=ein gjødseldyrenhet, GDE)

GDE-kalkulator (XLSX, 47 kB)

Kommunal godkjenning

Ved nybygg, utviding og utbetring av gjødsellager skal kommunen godkjenne planen før arbeidet tek til. Lagringskapasiteten for husdyrgjødsel skal vere minimum 8 månadar.

Arvid Berge
Landbrukssjef
E-post
Mobil 41 86 79 26