Kadaversøk med hund

Kvart år vert mange beitedyr drepne av jerv. For dei som har dyra sine på beite er det viktig å avdekke tidleg når det har vore eit åtak, for at det skal kunne setjast i verk tiltak.  Fjord kommune kan tilby opplæring av hund i kadaversøk.

Opplæring av hund og eigar

Ved nok interesse vil Fjord kommune arrangere kurs for kadaversøk med hund i 2025. Kurset består av ein teoretisk del på to timar, ein øvingsdel og eksamen. Før eksamen lyt ekvipasjen ha 30 timar med eigentrening. Opplæringa er individuell. 

Bruk av jakthund til kadaversøk

I fylgje vår kontaktperson i Norske kadaverhunder, vil det vera uproblematisk å bruka jakthundar dersom ein gjer det på rett måte. 

Les meir om organisasjonen Norske kadaverhunder på nettsida deira

Kontakt

Vi ønskjer at dei som er interessert tek kontakt med landbrukssjefen for meir informasjon. Vi vil vurdere tidspunkt for oppstart i løpet av året.

Arvid Berge
Landbrukssjef
E-post
Mobil 41 86 79 26