Næringsutvikling og etablering

Næringsavdelinga forvaltar den kommunale og statlege næringspolitikken. Ein legg til rette for og arbeide med næringsutvikling i vid tydning, og vere eit kompetanse- og rådgivningsorgan for alle næringar.

Hoppid

Hoppid er ei ordning der Møre og Romsdal Fylkeskommune, gjennom kommunane, bidrar med midlar til kurs og tilskot til nyetablerarar. Fjordhagen er lokalt Hoppid-kontor.

Gjennom ordninga får både nyetablerarar og eksisterande virksomheiter tilgang til nettverk, tilskotsordningar, investormiljø og kompetanse. 

Meir informasjon om Hoppid.

Kommunalt næringsfond

Fjord kommune sitt næringsfond skal i første rekkje nyttast til næringsformål (bedriftsutvikling, etableringstilskot, investeringar i bedrifter) og til kommunale næringstiltak (kommunalt tiltaksarbeid og grunnlagsinvesteringar knytt til næringsføremål).

Kommunestyret har gjort vedtak 18.11.2021 (KS-111/21) om vedtekter (PDF, 379 kB) og retningslinjer  (PDF, 429 kB) for næringsfondet.

Søknader til næringsfondet vert handsama fortløpande gjennom året. Det skal søkjast elektronisk via regionalforvaltning.no - søk på Fjord kommune.

Tiltak som vert tildelt midlar frå næringsfondet skal støtte opp under ei eller fleire av desse målsettingane:

  •     Etablering av nye og overlevingsdyktige verksemder
  •     Utvikling i eksisterande verksemder
  •     Fleire arbeidsplassar
  •     Innovasjon og utvikling
  •     Fremje entreprenørskap hos unge, kvinner og innvandrarar
  •     Nyskapande etableringar som gir moglegheit for mange arbeidsplassar vert spesielt prioritert

 

Martin Vos
Seniorrådgjevar personal
E-post
Telefon 92 61 13 66