Nasjonalparkkommune

Per Magnus Berdal Velkomen til Fjord nasjonalparkkommune - eit eldorado for alle som er glade i natur og friluftsliv både sommar og vinter.

Fjord kommune fekk i mai 2020 status som nasjonalparkkommune. Ein fantastisk natur og godt klima ønskjer deg velkomen. I Fjord ønskjer vi å gje deg eit breitt spekter av opplevingar. Vi ønskjer at du skal kunne nyte fjella og verneområda kombinert med spennande aktivitetar, god mat og drikke og ei god natts søvn.

I og rundt nasjonalparkane er det rom for mange om vi tek omsyn til folk og dyr rundt oss. Nasjonalparkane er det beste av norsk natur. Vernet hjelper oss til å ta godt vare på landskapet og mangfaldet av dyr og planter. 

 

Naturopplevingar

Vi har fleire lokalkjende og dyktige guidar som gjerne tek deg med på tur, både sommar og vinter. Du kan også velje rafting, kajakkpadling, klatring og andre frilluftsaktivitetar.  Det er fleire aktørar som tilbyr aktivitetar innan friluftsliv;   Uteguiden Valldal       Ræin       

Valldal aktivitetspark er ein familiepark med god plass for klatring og aktivitet. Meir enn 1500 meter med klatreløyper og lange zip-lines gir utfordringar for store og små. 

Tafjord er eit av dei mest nytta startpunkta for turar i Tafjordfjella og her DNT Sunnmøre fleire hytter. Reindalsseter er ein mykje brukt inngangsport for turar i området, og hytta er betent i sommarmånadane. Elles finst det både sjølvbetente og ubetent hytter.

Pilegrimsleia Valldal - Nidaros startar på hamna i sentrum av Valldal og går opp gjennom dalen og gjennom Reinheimen, frå fjord til fjell i Heilag-Olav sine fotspor.

Tips til turar i området kan du finne på morotur.no - Møre og Romsdal fylke sin turportal. Stikkut.no er turregistrering til nesten 500 turmål i 25 kommunar i fylket.

Kommunen er ein del av Geirangerfjorden verdsarv - Vestnorsk fjordlandskap. Dette er det einaste området i landet som står på den prestisjetunge verdsarvlista til UNESCO på grunn av naturverdiane.

Nasjonalparkinformasjon

Norges nasjonalparkar

Reinheimen nasjonalpark

Terje Systad
Leiar plan og miljø
E-post
Telefon 41 86 79 22