I perioden 1. april til 20. august er det generell bandtvang for hund. I denne perioden skal ein hund haldast i band eller vere forsvarleg sikra slik den ikkje jagar eller skadar husdyr og vilt.
Utvida bandtvang i Fjord
I tillegg har Fjord kommune gjennom ei lokal forskrift om hundehald vedtatt at det skal vere utvida bandtvang i perioden frå 21. august til 31. oktober. Den utvida bandtvangen gjeld i dei områda det oppheld seg beitedyr. Hundeførar er sjølv ansvarleg for å gjere seg kjent med dei lokale forholda.
Heile forskrifta om hundehald i Fjord kommune kan lesast på Lovdata.
Publisert 11.04.2023 08.56