Bustadutvikling i Fjord kommune
Fjord kommune har starta eit prosjekt for å auke attraktiviteten i bustadmarknaden.
Bakgrunn for prosjektet
- Fjord kommune vil ta ei proaktiv rolle for å utvikle bustadmarknaden i kommunen
- Mangel på bustader er ei utfordring som kommunen deler med næringslivet, og det er stor semje om at dette er eit hinder for samfunnsutviklinga i kommunen.
- Fjord kommune treng fornying av sine bustader
- Fått prosjektmidlar til å arbeide systematisk med desse utfordringane
- Auke aktiviteten i bustadmarknaden for å oppretthalde folketal og bolyst. Hovudinstrumentet vil vere eit offentleg - privat utviklingsprosjekt med fokus på å avklare ulike behov for bustad, samt etablere eit «kundefokus» der behova i kommunen blir samordna inn i mot utbyggjarar.
- Ei heilskapleg og omfattande satsing på etablering og tilpassing av bustader, og utforsking av ulike sentrumsnære bokonsept.
Publisert 14.11.2024 15.48
Sist endra 14.11.2024 15.53