Ein reguleringsplan er detaljert plan som bestemmer kva eit bestemt område kan brukast til. Til dømes kor vi skal bo, kor butikkane skal vere eller kor hytter kan byggjast. Reguleringsplanane blir laga på grunnlag av plan- og bygningslova kapittel 12 og vedteken av politikarane i kommunen. Ein reguleringsplan består av tre delar; arealkart, reguleringsføresegner og planomtale. Arealkartet og føresegna til en reguleringsplan er juridisk bindande.
Sist endra 22.02.2024 09.34