Vil du bli meddommar?

Kvart fjerde år skal det veljast nye meddommarar og skjønnsmedlemar som skal gjere teneste i domstolane. Fjord kommune skal oppnemne meddommarar til tingretten, lagmannsretten, jordskifteretten, forliksrådet og skjønnsmedlemar for perioden 2025-2028. 

Meddommarar frå Fjord

Fjord kommunestyre skal nemne opp nye meddommarar til tingretten (4 kvinner og 4 menn), lagmannsretten (3 kvinner og 3 menn), jordskifteretten (4 kvinner og 4 menn) og kome med forslag til 2 skjønnsmedlemar. Det skal også oppnemnast medlemar i felles forliksråd for fleire kommunar. Oppnemninga gjeld for perioden 01.01.2025 - 31.12.2028

Kva er ein meddommar?

Meddommarar er vanlege kvinner og menn som saman med fagdommarar med juridisk utdanning er med på å ta avgjerd i rettssaker. Meddommarar spelar ei sentral rolle i rettssystemet vårt, og det er ei viktig og engasjerande samfunnsteneste. Kommunestyret skal og velje jordskiftemeddommarar til jordskifteretten og foreslå skjønnsmedlemar. Personar som vert valt anten til meddommarar til tingretten eller meddommarar til lagmannsretten kan også veljast som meddommar til jordskifteretten eller som kandidatar til skjønnsmenn.

Les meir om rolla som medommar på nettsida domstol.no

For å bli oppnemnt må du

  • ha røysterett
  • vere innført i folkeregisteret som busett i Fjord kommune
  • vere norsk eller nordisk statsborgar eller vere registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra
  • vere mellom 21 og 70 år (øvre grense gjeld ikkje for skjønnsmedlemar)
  • ha gode nok norskkunnskapar
  • vere personleg eigna
  • må kunne ferdast i terreng (jordskiftemeddommar)
  • ha plettfri vandel
  • ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling eller konkursbehandling eller i konkurskarantene

Domstollova § 71 regulerer kven som ikkje kan veljast på grunn av stilling, medan domstolslova § 72 regulerer kven som ikkje kan veljast på grunn av vandel.

Spesielt om val av meddommarar til jordskifteretten

Vere kunnige i saker som jordskifteretten til vanleg har jf. jordskiftelova § 2-5. Døme på yrkesbakgrunn/kompetanse kan vera gardbrukar, skogbrukar, entreprenør, arealplanleggjar, rekneskap, takst av eigedom/bygg og offentleg tilsette. Kandidaten bør ha normalt god helse, då det som regel er synfaring som eit ledd i forhandlingane/rettsmøtet.  

Spesielt om val av skjønnsmedlemmar

Skjønnsmedlemmar blir nytta av både lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten. Skjønnsmedlemar skal veljast av fylkestinget etter forslag frå kommunane. Skjønnsmedlemar blir nytta i saker som handlar om skjønn. 

For domstolane er det viktig at skjønnsmedlemane har ein særleg kompetanse, til dømes innan landbruk, skogbruk, arealplanlegging, eigedomsutvikling, bygg og anleggsverksemd, økonomi og rekneskap eller verdifastsetjing, bruk og drift av fast eigedom. Det er inga øvre aldersgrense for vervet jf. skjønnsprosessloven § 14. 

Spesielt om val av forliksrådsmedlemmar

Jf. § 56 i domstollova må forliksrådsmedlemmar ha fylt 25 år. Forliksrådsmedlemmar skal vere særleg eigna til oppgåva og beherske norsk skriftleg og munnleg godt. 

Søknad

Dersom du kan tenkje deg denne viktige samfunsoppgåva kan du melde interesse på skjema nedanfor.

Har du spørsmål så send e-post til post@fjord.kommune.no eller ta kontakt på telefon 418 67 800

Søknadsfrist: 4. mai 2024.  

 

 

 

Alexander Oudijk
Konsulent
E-post
Telefon 41 86 78 22