8. mai-markering i Fjord kommune
Kommunen inviterer til 8. mai-markering med samling for veteranar på frivilligsentralen i Stordal. Veteranbegrepet gjeld no alle som har vore inne til nasjonal militær teneste. Veteranar frå heile Fjord kommune er hjarteleg velkomne.
Norsk flaggProgram for markeringa 8. mai
Klokka 17 - 19 på frivilligsentralen i Stordal
- Ordførar ynskjer velkomen
- Enkel servering
- Tale ved ordførar
Praktiske detaljar
- Om nokon ynskjer å seie noko ta gjerne kontakt med ordførar i forkant.
- Veteranbegrepet vart i 2023 utvida til å gjelde også dei som har vore inne til nasjonal militær teneste.
- Det vert enkel servering med smørbrød og kake.
- Meld frå om du kjem til samlinga for veteranar til kommunen sitt sentralbord, tlf. 418 67 800. Vi ønskjer tilbakemelding innan onsdag 6. mai.
Publisert 27.04.2026 14.48