Årets lærling

Rahel Tekie er lærling i halsearbeidarfaget i Fjord kommune og er kåra til årets lærling av Sunnmøre kommunale opplæringskontor 2021.

Rahel Tekie er 28 år og starta som lærling i helsearbeidarfaget i Fjord kommune hausten 2020. Ho ønska å ta utdanninga som helsefagarbeidar fordi ho likar å arbeide med menneske og ho har vist stor arbeidsglede og stå-på-vilje. Les meir i artikkelen frå Sunnmøre kommunale opplæringskontor.

I Fjord kommune har vi i dag sju lærlingar, seks innan helse og ein som barne- og ungdomsarbeidar. I tillegg til Rahel er det to til som tek fagbrev som helsefagarbeidar i år. Frå hausten vil kommunen ha sju lærlingar i helsefag og to lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Som arbeidsgjevar er det viktig at vi har lærlingar for å gi dei god arbeidspraksis og ikkje minst snakke fram kommunen som arbeidsplass. 

Vi ønskjar Rahel og dei andre lukke til med vidare studiar og arbeid i og utanfor Fjord kommune!

Rahel saman med Vigdis Øvrebust (vegleiar sjukeheimen), Renate Johnsen (fagleiar og teamleiar PLO Stordal) og Birgit Bratland (vegleiar heimetenesta). Grete Tøsse