Beitekartlegging i verdsarvområda

Delar av beiteareala i verdsarvområdet i Fjord og Stranda kommunar er kartlagt. NIBIO sin rapport konkluderer med at det er store beiteressursar i områda, og at desse ikkje er fullt utnytta per i dag

Sauer, grønt gras, buskas, fjell, stein grus - Klikk for stort bileteBeiteareal i det kartlagte området, med sauer som beitar i framgrunnen. NIBIO

Det er kjent at utmarksareala i Fjord kommune har store verdiar i form av mellom anna beiteressursar. Det er ei nasjonal målsetting å produsere mat frå norske naturressursar. 

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har vegetasjonskartlagt 67 km2 i verdsarvkommunane Stranda og Fjord. Det er laga vegetasjonskart og to avleia temakart for beite for sau og storfe. Det er gitt ein omtale av beitekvalitet og beitekapasitet, samt nokre råd kring skjøtsel av kulturlandskap og beite. 

Trakk og beiting frå beitedyr er den beste reiskapen vi har for å ta vare på og utvikle gode beite i utmark. Om beitedyra forsvinn vil det medføre at vi ikkje tek vare på moglegheitene for framtidig bruk av beiteressursen utan større tiltak for å gjenopprette beiteareala.

Les rapporten om beiteressursar som NIBIO har utarbeidd (PDF, 22 MB).