Beredskapsferje Eidsdal - Linge

Det har i lang tid vore ei bekymring i kommunane Fjord og Stranda med omsyn til endringar i nattberedskap på ferjestrekninga Eidsdal - Linge.

ferje, skog, sjø, grønt - Klikk for stort bileteMF Norddalsfjord

Ordførarane i kommunane har jobba godt i lag, opp mot helseforetak, Møre og Romsdal fylke og Statsforvalteren i Møre og Romsdal.

Ei endeleg ordning er ikkje enno på plass, men vi har i dag fått skriftleg melding frå fylket at dagens ordning er forlenga til og med veke 5, altså fram til 2. februar. 

Vi kjem til å jobbe for ei vidareføring av nattberedskap også etter denne dato, men vi treng ikkje vere bekymra for endringar frå 1. januar 2025.

Terese Jemtegård Moen,                                                          Einar Arve Nordang
Ordførar Fjord kommune                                                         Ordførar Stranda Kommune