Berekraft i praksis

Det vert snakka mykje om berekraft, men kva betyr det faktisk for bedriftene og for offentleg sektor? Det ønskjer Innovasjon Norge, Møre & Romsdal Fylkeskommune, kommunane Fjord, Sykkylven og Stranda og Sparebanken Møre å gi nokre svar på. For er det til vinning eller forvirring? Med aukande krav og reguleringar og forventningar i marknaden vil det nok vere litt begge deler. Delta på konferansen saman med oss. Vi håpar at du vil ha svara på desse spørsmåla litt klarare for deg i etterkant.

Program for dagen

10.00-10.10
Velkomst - ved Ordførar Jan Ove Tryggestad

10.10-10.45
Berekraftfylket Møre og Romsdal og oppfølginga av Energi- og klimaplanar i kommunane - v/ Anne Melbø (senioringeniør, Statsforvaltaren), Arne Krohn (økonomisjef, Fjord), Inge Bjørdal (næringssjef, Stranda)

10.45-11.15
Innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre – korleis vi stiller miljøkrav i offentlege anskaffingar for kommunane - v/ innkjøpssjef Kariann Bigseth, Ålesund kommune

11.15-11.45
Frå preik til praksis - overordna perspektiv på endringar i miljøkrav til privat næringsliv - v/ partner – Advisory KPMG Pure Sustainability, Stine Lise Hattestad Bratsberg

11.45-12.40 Kulturelt innslag, lunsj og beinstrekk

12.40-13.00
Offentleg finansiering av berekraftige/innovative løysingar - v/ spesialrådgjevar Alfred Øverland, Innovasjon Norge

13.00 -13.20
Kva betyr berekraftig finans for privat næringsliv, og kva krav kan ein vente seg frå bankar - v/ banksjef Sveinung Klakegg, Sparebanken Møre

13.20-13.35 Pause med kaffi og frukt

13.35-13.50:
Døme på klimatiltak (energikartlegging og tiltak) i landbruket - v/ Linda Myren, Fjord

13.50-14.10
Miljøsertifiseringsordninga ‘Miljøfyrtårn’ eksemplifisert - v/ leiar Berekraft og strategiske prosjekt, Karoline Fløtre Gati, Slettvoll AS

Tid                             : Onsdag 9. mars kl. 10.00 (Registrering frå kl. 09.30)
Stad                           : Storfjord Kulturhus
Påmeldingsfrist       : Måndag 7. mars

Du melder deg på her: Påmelding

Vi får servert god lunsj på Stranda Hotel.
Seminaret er gratis.

Velkomen til seminar!

Med engasjert helsing frå: