Ylva og villgeitene
Litteraturbåten Epos
Litteraturbåten Epos
Framsyninga «Ylva og villgeitene» blir vist ombord i båten som ligg ved kai slik:
kl. 09.00: Stordal
kl. 11.30: Norddal
kl. 13.00: Valldal
Framsyninga passar for både små og store, og aller best for dei mellom fire og ni år. Folk i alle aldrar er velkomne!
Ylva og villgeitene er ei ny, musikalsk forteljeframsyning om å vere glad i naturen og om å vere modig og sterk når det trengst, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.
Open litteraturbåt kl. 14-18
Velkomen om bord!
Sal av vaflar og kaffi. Båten har ein liten bokhandel med sal av hovudsakleg nynorsk litteratur.
Båten ligg ved kai på Sylte i Valldal.
Les meir om litteraturbåten på nettsida deira.
Forfattarsamtale med Leander Djønne kl. 18.00
Leander Djønne
Baard Henriksen/Oktober
Leander Djønne er forfattar og biletkunstnar, samt fruktbonde og lærar i Grimo i Hardanger. Han fekk Lytternes romanpris for romanen Oskespiralen i 2022.
På Epos sit Djønne seg ned for å snakke om livet som forfattar og kunstnar, og livet på steinen si nåde i fjellsida ved fjorden. Og kva er det eigentleg som er så fascinerande med Lars Hertervig, som har gjort han til Djønne sitt førebilete og endåtil til samfjordingen Jon Fosse sine bøker Melancholia I og II?
Og så les han sjølvsagt frå Oskespiralen, som ifølge NRK gjer oss lesarar om til ein blodtørstig heiagjeng, og omtalar Djønne som ein eigenarta stein som lyser opp den norske bokhausten.
Båten ligg ved kai på Sylte i Valldal.
Vel møtt om bord!
Arrangør er Fjord kommune i samarbeid med litteraturbåten Epos