Biblioteket er stengt for fjernlån

På grunn av at Norsk bibliotektransport har bedt om at det opnast konkurs på selskapet, må vi diverre mellombels stenge for fjernlån. 

Les meir om saka på Bok og Bibliotek si nettside.

Norsk bibliotektransport (NBT) er den leverandøren som har frakta lån mellom biblioteka i store delar av landet. Så lenge vi ikkje har nokon leverandør som fraktar materiell mellom oss og andre bibliotek, har vi svært begrensa mogelegheit til å bestille og motta lån frå andre bibliotek.

Lånarar kan pr. dags dato ikkje lenger sjølv logge på bibsok.no og bestille fjernlån fram til situasjonen er avklart. 

Dersom du ventar på ei bok som har blitt bestilt frå eit anna bibliotek, må ein diverre rekne med ein del ventetid. Vi veit framleis ikkje kor lang tid det vil ta før situasjonen er meir avklart, og beklager ulempene dette medfører for våre lånarar. Det er diverre lite vi kan gjere for å påverke prosessen. 

Bøker som blir levert inn og skal attende til andre bibliotek vil heller ikkje kunne bli returnert pr. dags dato. Alle bibliotek som er råka av dette vil stoppe purremeldingar og erstatningskrav fram til ein veit korleis situasjonen vil bli løyst.

Vi oppdaterer saka fortløpande.