Bli med på ei kul oppleving!

Ung-MOTivatorane i Fjord kommune inviterer til eit arrangement for ungdom frå 13 år (8. klasse) -18 år. Ungdom frå både Fjord og andre kommunar er velkomne. Det vil bli servert gratis pizza, det blir sal av is og kioskvarer, open hall og underhaldning av OnklP. Gratis skyss.

Dato: 30. april – 1. mai 2022
Tid: 19:00-01:00
Stad: Valldal, Martin Linge-huset

Dette er eit rusfritt arrangement der all ungdom kan samlast.

Sjå også arrangement på facebook.

SPRE ORDET, og få med deg alle ungdommane vi har her i området! Bli med på ei kul oppleving!

Plakat

Om du lurer på noko, kontakt:
Bjørg Jacobsen (90529164)
Robin Aasen (41646769)
Maria Dvergsdal (90893697)


Gratis transport tur/retur Valldal
NB! Påmelding innan torsdag 28. april på skjema under.
Skjema er stengt, ta kontakt med Bjørg.

Tur:

Frå Best Stordal kl 18:30, Gravaneset/Liabygda kl 18:45 og Linge kl 18:55
Frå Tafjord kl 18:30, Fjørå kl 18:40
Frå Hoel bru kl 18:55, Omenås kl 19:00

Retur:

Frå Martin Linge-huset kl 23:15 til Linge (ferje kl 23:30) og Gravaneset (ferje kl 23:45)
Frå Martin Linge-huset kl 00:30 til Fjørå/Tafjord
Frå Martin Linge-huset kl 01:00 til Omenås/Hoel bru
Frå Martin Linge-huset kl 01:00 til Liabygda/Best Stordal

PS! Dersom du melder deg på transport og likevel ikkje vil nytte deg av tilbodet, er det viktig å gi beskjed om dette til Bjørg på telefon 90529164.

Tusen takk til gode støttespelarar frå lokalt næringsliv og frivillige organisasjonar som gjer det mogleg å få til dette arrangementet!

 

Skyss over fjorden - oppdatering

Vi har lenge prøvd å få til ei skyssordning over fjorden når arrangementet er slutt og ferja har slutta å gå, men har dessverre ikkje lukkast å få det til verken med Fjord1, næringsaktørar eller private aktørar. Vi er lei oss for at vi difor ikkje kan tilby dette.

Vi vil gjere merksam på at konserten og programmet er slutt i god tid før oppsett bussavgang kl 23:15.