Kulturkafe - konsert!
Prosjekt «Leve livet heile livet i Fjord» inviterer seniorar 65+ til konsert med Helene Bøksle på Hotel Union i Geiranger laurdag 26. april. Det blir busstransport tur/retur. Eigenandel kr 200.
Helene Bøksle er ein norsk songar som er kjent for si unike temme som kan trollbinde publikum.
Ta med deg ein venn eller nabo og meld dokke på!
Tidsplan
Avreise frå
Best Stordal kl 16:00
Shell Valldal kl 16:35
Linge ferjekai kl 16:45
Eidsdal sentrum kl 17:00
Konserten startar kl 18:00
Retur frå Geiranger ca kl 19:30
Påmelding
Påmelding seinast 22. april. Det er 50 plassar så her gjeld det å sikre seg eit sete snarast!
Eigenandel for konsert/skyss kr 200. Betal kontant eller med vipps om bord på bussen.
Om du har spørmål kan du ta kontakt med Bjørg på telefon 90529164 (kl. 09:00-17:00).
NB! Oppdatering 15. april: Det er stor interesse og vi set opp ein ekstra buss ved behov, så meld deg på, det er plass til fleire!
«Leve livet heile livet» er finansiert med midlar frå Helsedirektoratet.
Helene Bøksle
Helene Bøksle er en av Norges fremste sangere, kjent for sin trollbindende og unike stemme. Hun vokste opp ved fjordene og fjellene i Sør -Norge, og musikken hennes er inspirert av havet, det nordiske landskapet og de gamle folkeeventyrene. I musikken hennes finner vi elementer av tradisjonell folkemusikk og moderne verdensmusikk.
Teksten er henta frå Helene Bøksle si heimeside.
Plakat Helene Bøksle