Sjekkliste for brannsikkerheit på hytta
- Sjekk røykvarslar kvar gong hytta vert teken i bruk.
- Byt batteri ved behov, minimum ein gong per år.
- Gå aldri frå levende lys.
- Ikkje bruk peis/ovn som tørkestativ.
- Sørg for å handtere askeavfall på ein forsvarleg måte.
- Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk.
- Vær ekstra varsam ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slangar jamleg.
- Bruk godkjent installatør når det elektriske anlegget skal utbetrast.
- Sørg for å utføre alle bygningsmessige utbetringar i samsvar med plan- og bygningsloven.
Sjekk røykvarslar og sløkkemiddel på hytta
Brannsikkerheit er like viktig på hytta som heime. Det er påbode med røykvarslar og sløkkeutstyr både heime og i fritidsbustadar. Pass derfor på å ha minst ein fungerande røykvarslar i kvar etasje eller seksjon av hytta. Desse skal kunne høyrast på kjøkken, stove og soverom. Godkjent sløkkeutstyr må og være på plass i hytta. Det første du bør gjere når du kjem til hytta, er å sjekke at røykvarslaren verkar. Hugs å ta med deg reservebatteri til røykvarslaren når du reiser til hytta.
Gassfare
På hytter vert det ofte brukt propan til oppvarming, matlaging og kjøleskap, i tillegg til gassgrill og terrassevarmar. Bruk og oppbevaring av gass krev at du er forsiktig. Feil på gassapparat og gassutstyr eller feil bruk kan føre til brann, eksplosjon eller kolosforgifting. Brannvesenet anbefaler gassvarslar og CO-varslar dersom du bruker gass på hytta.
Rømmingsvegar
Overnattar du på ein ny stad, bør du tenke gjennom korleis du skal komme deg ut dersom noko uventa skulle skje. I hytter er ofte vindauge og terrassedører alternative rømmingsvegar. Det er viktig at rømmingsvegane vert haldne frie, slik at det ikkje er hindringar for trygg rømming. Sjekk rømmingsvegane. Kanskje er vindauget du har tenkt å bruke stengt av snø.
Redde - Varsle - Sløkke
Dersom uhellet først skulle vere ute er førsteinnsatsen veldig viktig. Sørg for at folk kjem seg ut. Varsle brannvesenet. Dersom det er mogleg; forsøk å sløkke. Brannvesenet anbefalar alle hytteeigarar å lage ein naudplakat til hytta. På plakaten ser du hytta sin geografiske posisjon i eit kartutsnitt med GPS-koordinatar. Dermed kan du føre redningsmannskapet rett til hyttedøra.
Lag nødplakat for hytta eller huset ditt hos Kartverket.no
Camping
I påska livnar det til rundt om på campingplassane. Hugs 4 meter avstand mellom campingvogner, bubilar og telt. Sjekk røykvarslar, sløkkeapparat og gassanlegg. Plasser grillen med god avstand til brennbart materiale. Kontroller det elektriske anlegget.
Båteigar?
Mange nyttar påska til å gå over båten før årets sesong. Overnattar du eller brukar du gass i båten din? Då kan det være lurt å gå over gassanlegget og sørge at utstyret er sikkert.
Vi skal ut på påsketur, kan vi fyre opp bål?
Frå 15. april til 15. september er det generelt bålforbod i Noreg. I denne perioden er det ikkje tillate å fyre opp bål, grill, eingongsgrill og stormkjøken i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Du kan likevel fyre bål på stadar der det openbart ikkje kan føre til brann. Du må sjølv vurdere om det er forsvarleg, og du er sjølv ansvarleg for at du ikkje startar ein brann. Er du i tvil om det er trygt å gjere opp eld, er det betre å droppe det.
Ha ei riktig fin og brannsikker påske!
Brannsikker påske
Brannvesenet