Det er no mogleg å søke om «Drømmestipendet» for kunst- og kulturutøvarar i alderen 18-25 år. Søknadsfristen er 15. november.
Kva er Drømmestipendet?
Drømmestipendet skal gi verdifull inspirasjon og påskjøning og bidra til å oppfylle draumane til ungdom som driv med kunst og kultur og som er i alderen 18-25 år. Ordninga er også med på å synleggjere kommunen sitt arbeid for unge kunst- og kulturutøvarar.
Drømmestipendet er et samarbeid mellom Norsk Tipping og Kulturskolerådet og fordelar årleg 50 stipend, kvart på kroner 30 000. Til saman 1, 5 millionar kroner.
Ulike kategoriar
Drømmestipendet vert delt ut i kategoriane dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og open klasse.
Kven kan søke
For å kunne søke Drømmestipendet 2025, må du være født tidlegast 1. januar 1999 og seinest 31. desember 2006. Dette gjelder også alle søkarar i ein eventuell gruppesøknad.
Søknadsfrist
15. november
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med kulturskulerektor Thea Marie Ytterdal som er kontaktperson i Fjord kommune,
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettsida til Drømmestipendet.
Solveig Eide Grønningsæter frå Eidsdal var ein av femti vinnarar av Drømmestipendet 2024.
Publisert 04.11.2024 08.42
Sist endra 04.11.2024 13.21