Eigenberedskapsveke i Fjord kommune

I veke 44 vil du motta informasjon i postkassa om eigenberedskap. 

Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Korleis vil du og dine næraste klare dokke om straumen blir vekk i ein lengre periode? Kva gjer du om vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke? Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på slike situasjonar.

Norske myndigheiter anbefalar at flest muleg er førebudd på å klare seg i ei veke. Vi kan alle ta nokre enkle grep for å betre vår eigen beredskap. DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har utarbeidd konkrete råd som du kan lese på www.sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klare deg heime i minst ei veke.

Møt kommunen og få meir informasjon

To personar smiler mot kamera - Klikk for stort bilete

Kommunane med ordførar og samarbeidande lag og organisasjonar vil ha stand rundt om i bygdene i si kommune desse dagane kl 15 - 17:
Måndag 28. oktober - Bunnpris, Valldal
Tirsdag 29. oktober - Coop, Stordal
Onsdag 30. oktober - Coop, Eidsdal
Måndag 4. november - Alf Tafjord Landhandel
Onsdag 6. november - Nærbutikken i Norddal

Kvifor eigenberedskap?

DSB rår til at flest mogleg er førebudd på å klare seg sjølv i ei veke. Det er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje klarar seg utan hjelp i ei krise. Meir ekstremvêr er blant dei viktigaste årsakene. Ekstremvêr kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur, som til dømes straum, vatn og mobilnett.

I tillegg er vi som bur i Noreg – som er blant verdas tryggaste og mest stabile land – vane med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av, for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ei sårbarheit.

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og om vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Med vennleg helsing
Terese Jemtegård Moen, ordførar Fjord kommune 
Einar Arve Nordang, ordførar Stranda kommune