Ein stor takk til lokale verksemder

To karar ser mot kamera - Klikk for stort bilete

Ved busetjing av flyktningar er det mange ting som må på plass. Etter at flyktningane er busett hos oss i Fjord kommune, deltek dei som er i aldersgruppa 18-55 år i det som heiter Introduksjonsprogram. I programmet er dei gjennom blant anna språkopplæring, livsmeistringsfag og praksis i arbeidslivet. 

I forbindelse med gjennomføring av praksis, er vi avhengige av samarbeidet med lokale verksemder. Vi i Flyktningtenesta ønsker å rette ein stor takk til det lokale næringslivet og dei ulike avdelingane i Fjord kommune. Takk for viljen og openheita for å bidra til at våre flyktningar får ein verdifull periode for både språkutvikling, innsikt i norsk arbeidsliv og bygging av nettverk. Det er med stor glede vi ser at denne perioden også opnar moglegheiter for vidare arbeid for fleire. Dette set både vi og dei stor pris på!

Utan dykk med på laget hadde vi ikkje klart å gjennomføre vårt viktige arbeid på same måte.